Teknolog, pedagog, illustratør, innovatør, kampsportutøvar, musikar og måneskinsbonde.
Med ein slags medfødt livsfilosofi om at spesialisering er for dei nervesvake, er underteikna ein dedikert mangesyslar.
Det sentrale i det meste eg føretek meg er kreativitet, å skape noko nytt, gjerne knytta opp mot formidling. Eit anna stikkord er teamarbeid.
Eg er heldig og har alltid hatt mange dyktige kollegaer rundt meg. Men eg likar også å jobbe på eigahand, slik eg gjer i føretaket mitt
Barsnes grafisk produksjon. Eg jobbar til dagen med ungdommar i alderen 15-19,
men har i mange år instruert Taekwondo for born i aldersgruppa 5 år og oppover.
Arbeidserfaring
LÆRAR. Sogndal vidaregåande skule, Elektro og datateknologi 2014-d.d.
Faglærar og kontaktlærar Dataelektronikar-utdanninga, 3DATA + Yrkesfagleg fordjuping VG1
GARDBRUKAR.
Eig og driv eigen sauegard, saman med familien. Formell overtaking 2020, men har vore involvert i drifta heile livet
Leiar IKT-avdeling. Arbeid med alle IKT-løysingar i kommunen, i tillegg til planarbeid ol.
Rettleiar for lærlingar i 10 år.
DATATEKNIKKAR. Siemens/Forsvaret 2002
Prosjektarbeid. Utskifting av datautstyr/oppgradering til FISBasis ved ulike millitære anlegg.
DAK-OPERATØR. Instanes AS 1997-1999
Utarbeiding av teikningar ved anbod, arbeidsteikningar, revidering, arealplanar, bruer, vegar, kaianlegg, etc
Vidareutdanningar og kurs
SPILLPEDAGOGIKK. Høgskulen på Vestlandet. ferdig vår 2022
PROGRAMMERING AV MIKROKONTROLLERSYSTEM. NTNU. 2022
DEMYSTIFYING ARTIFICIAL INTELLIGENCE. Høgskulen på Vestlandet. 2022
FANTASTISKE DATA. Høgskulen på Vestlandet. 2022
LISENSIERT TRENAR 1. Norges kampsportforbund. 2020
BITCOIN OG DEN DIGITALE ØKONOMIEN. Høgskulen på Vestlandet. 2019
FRAMTIDAS SKULE. KOMPETANSAR I DET 21. ÅRHUNDRE. Høgskulen på Vestlandet. 2018-2019
AKTIVITETSLEIARKURS BARNEIDRETT. Norges idrettsforbund 2018
ANDRE KORTVARIGE KURS. Nestlagførarkurs forsvaret, lafting, sveising, sprenging, måling, ein masse datarelaterte kurs (datatryggleik, Microsoft, Checkpoint, PaloAlto, Oracle m.m.)
Utdanning
PRAKTISK PEDAGOGISK UTDANNING. Høgskolen i Sogn og Fjordane
2013-2014 Toårig PPU med 12 veker praksis
DATAINGENIØR. Høgskolen i Bergen
1998-2001 Linje for drift av datasystemer
EXAMEN PHILOSPHICUM. Universitet i Oslo
1996.
BYGG- OG ANLEGGSTEKNIKKAR. Sofienberg Tekniske Fagskole
1994-1996 Husbyggingslinja.
TEKNISK TEIKNAR. Sogndal Yrkesskule
1992-1994 Teknisk teiknelinje, grunnl. og vidaregåande kurs.
GENERELL STUDIEKOMPETANSE. Sogndal Gymnas
1989-1992 Allmenfagleg studieretning.
Referanseprosjekt
Det me har jobba ein del med i det siste på skulen er såkalla "dashboard-system", der me har kombinert mykje ulikt utstyr og mange ulike datakjelder
(bilete frå overvakingskamera, temperaturar frå ulike sensorar, signal frå mikrokontrollar, data frå json-filer, etc),
og laga visning av dette med html/CSS ved å kombinere ulike programmeringsspråk som Powershell, PHP, Javascript, Python m.m. Her er to døme:
Eg underviser ellers i heile bredda av faget vårt (datatryggleik, serverdrift, ROS-analysar, programmering, robotstyring, backup, etc),
og har 3d-printar, solceller på taket og oppvarming av huset heime med fjordvarme, mest fordi det er interessant å sjå korleis ting verkar.
Men også avdi eg har tru på at me som har moglegheit til det, må tenkje bærekraft.
Som illustratør har eg gjort mykje ulikt, som de kan sjå her: