LYSTRAHAUGEN/SJURGARDEN
Gardsnr.
3
Barsnes
Bruksnr. 11, 12, 16, 17,
28, 41
Plassering
Garden ligg på
vestsida av Barsnes, frå sjøen ved Vetlasundet og opp til Svahaugen, med
Skakkgarden på nordsida, med Gota (vegen) og Hermundgarden på sørsida.
Kjøp
Ole Andersson
Leri (Luster) kjøpte garden av Botolv Nilsson (Roneid) i 1869. Han tok då
etternamnet Barsnes.
Fruktrei han
planta under stovehuset hadde han med seg då han kom frå Luster, og desse var dei
fyrste frukttrei på Barsnes.
Husa og areal
Det gamle stovehuset
på garden vart bygd av Ole Andersson i 1879, og har vorte påbygd fleire gonger
seinare (1903, 1956 og 1978).
Uthuset vart bygd
i 1912, og påbygd i 1980. Eit eldhus med fruktkjellar vart bygd 1938, og rive i
1985. I strondi er det eit gamalt naust.
Stabburet er
svært gamalt og vart flytta frå det gamle fellestunet etter heimeutskiftinga i
1888.
Eit nytt stovehus
vart bygt i 1973 og eit redskapshus i 1985.
I tillegg til 10
mål dyrka mark rundt husa, er det 21 mål dyrka mark i Vandanes, 28 mål overflatedyrka
mark pluss beite og vedaskog i Viki, medrekna ein parsell (Teigen/Galden), som
vart kjøpt undå garden Gamlehaugen i 1977. Det er skogateig i Sigledalen frå
Fossane fram til Vardafjellet og stølsgjerde på Helgasete. Det er ei uteløe i
Vandanes og to løer og ein sommarfjøs i Viki. Det er stølshus på Helgasete og
på vårstølen Dal. Til garden høyrer det jaktrettar på hjortedyr.
Slekta
Ole Andersson
Leri (1823-1910) g.m. Marta Sjursdotter Ambledal (1834-1911) var dei fyrste i
slekta som hadde garden - frå 1869 til 1902. Dei hadde borna Anders, Sjur og
Karen.
Sjur Olsson
Barsnes (1875-1951) g.m. Gjertrud Knutsdotter Gjerde (1874-1943) hadde garden
frå 1902 til 1943. Dei hadde borna Marta (1905-1931), Olav (1906-1990), Knut
(1908-1992) og Sigrid (1911-1971).
Sigrid var gift
med Nils Olsson Kvam.
Systera åt Sjur,
Karen, budde og arbeidde på garden heile livet.
Sjur fekk skøyta
til garden i 1902 av eldste broren Anders, som då reiste til Amerika.
Sjur Olsson var
skreddar i tillegg til gardbrukar. Han gjekk i skreddarlære i Oslo.
Olav Sjursson
Barsnes g.m. Helga Kristoffersdotter Tuftene (1920-) hadde garden frå 1943 til
1977. Dei har borna Steinar (1949-), Gjertrud (1951-) og Aud Karin (1957-).
Gjertrud er gift med Hans Solberg og bur i Lier. Dei har to born. Aud Karin er gift med Tor Laache og bur i
Gjerdrum. Dei har tre born.
Olav hadde god
hjelp av bror sin Knut, som levde og arbeidde heile livet sitt på garden. Han
arbeidde óg noko på planteskulen på Ylvisåker og tok på seg saueklypping,
slakting og anna gardsarbeid rundt i bygda.
Folka på garden no
Steinar Olavsson
Barsnes g.m. Anna Karin Andersdotter Haugshagen(1951-) overtok garden i 1977.
Dei har borna: Olav Arild (1973-), Rune (1976-) og Bjarte (1980-).
Dei bur i det nye
stovehuset.
Helga Kristoffersdotter
Tuftene, enkje etter Olav Sjursson bur i kårhuset.
Anna
Museumet på
Kaupanger har fått to gjenstandar frå garden.
1. Eit åkle, som
vart nytta som hestedekke når det vart køyrt med slede til kyrkjes vinterstid.
2. Eit sett
målestavar Sjur nytta i skreddaryrket.