Stølar og stølsbruk for gardane på Barsnes

Av Ivar P. Navarsete

 

Når det gjeld opplysningar om stølar og stølsrettar på Barsnes, kunne me vel finne opplysningar om me hadde tid og høve til å granske gamle arkiv. Av ymse grunnar let nok ikkje dette seg gjera. Det eg har funne ut om stølar og stølsbruk for Barsnesgrendi, støttar seg til samtalar med folk som sjølve bruka stølane først på vårt hundreår.

Elles kan eg nemna at eg for 15-20 år sidan fekk i oppdrag å samle gamle stadnamn i Barsnesmarki, frå Loftesnesmerket på Skrivarholmen til Saurane inst inne i Barsnesfjorden mot Munthemerket (Årøymerket). Det synte seg å vere mange frå fjord til fjell, om lag 250 i alt. Desse vart skrivne ned og tala inn på lydband. Dei finst vel no i eit eller anna arkiv. Det var namn på kvar haug og hamar. Statens kartverk på Leikanger har òg laga kart over området der mange av namni har kome med.

Men me kan ta oss ein tur til fjells og prøva om me kan finna ut korleis det var å koma til støls for 80-100 år sidan. Frå Barsnes til Saurane er det i dag brukande veg både for bil og traktor. men før den kom, var det hest og treslede. Kanskje kunne ein skrangle seg fram med ei vogn om ein ikkje heller tok robåten til Saurane om ein hadde mykje som skulle til støls. Men herifrå var kløvsalen viktigaste reiskapen når bufarlasset skulle vidare. Ei skikkeleg bør på ryggen høyrde vel òg med . den store koparkjelen var vel tryggare der enn på kløvsalen. Ein kan godt seie at vegen frå Saurane til Helgasete berre var køyrande med slede vinterstid.

På vegen oppover fer me framom Godfartstein, som gjerne får seg ein klapp. Litt overtru kan vera godt å ta med seg ”for sikkerheits skuld”. På Kabrettekleiv er første kvilestaden. Namnet Kabretta skal koma frå ein gamal ostetype som vart laga av sauemjølk. Her på Kabrettekleiv vart sauene jaga saman og mjølka. Av mjølka vart det laga ost, og namnet har vorte hangande med ned gjennom tidene.

Vidare ber det oppover Nyevegen som vel må vera den dårlegaste vegstubben på heile turen, merkeleg nok. Ved Bruaholten krysser me elvi, og oppover Almorki er det heller bra veg om enn noko bratt. Men vel over Mjødkodlehaugen opnar lendet seg, og me er på Dal, vårstølen der ein var med buskapen i tre veker. Her var det rom for tre stølsgjerde og seks sel. Desse gardbrukarane støla på Dal: Kristoffer Barsnes, Sjur Barsnes, Johan Barsnes, Mikkel Barsnes, Johannes Barsnes og Ivar Barsnes. Stølsgjerde hadde Mikkel, Ivar og Johannes Barsnes. Men stølsgjerdi er no utlagde til beite for mange år attende, og berre fire sel står att. Desse er sette godt i stand for overnatting eller ei kvild på vegen om du skal lengre til fjells. Men merke etter eldre stølsdrift er ikkje langt undan: Då eg for ti-tolv år sidan gjorde noko vølingsarbeid på det eine selet, stod der ti-tolv gamle mjølkekoppar av tre på benken. Eit par nye band på nokre av dei, og så var dei fullt brukande or ein skikkeleg rømmakopp.

Men før me fer vidare, må me sløkkja tørsten i Kaldahol, den sikre vasskjelda som aldri var turr. Det var her det alltid vart henta vatn som vart nytta til smørvasken. Sjølv om der var lenger å gå enn til elvi, var det alltid vatn til smørvasken som vart henta i Kaldahol.

Fram gjennom Øyane er det ofte noko myrlendt, men etter kvart stig lendet, og me er på Vokeldshaug. Det er fortalt at på denne haugen gjorde budeiene opp eld slik at heimefolket kunne sjå at noko stod på og at dei trong hjelp heimanfrå. Huldresva er det best å koma fort framom. Det er aldri godt å vita kva som kan gøyma seg under gråberget.

Men så er me på Helgasete, stølen som gjennom generasjonar har gjeve rom for fire store stølsgjerde og sju sel. dei som hadde sel på Dal, hadde også sel på Helgasete. I tillegg kom Skakk Barsnes, Kristoffer, Sjur, Joan og Mikkel Barsnes hadde også stølsgjerde der. På Helgasete står det no att seks sel som er sette godt i stand. Det er òg kome to hytter av nyare dato. Storparten av turvande materiale er frakta opp med helikopter, noko ein godt kan forstå etter å ha gått til fots oppover dei bratte kleivene.

Slåtten på stølsgjerdet vart driven til ut i 60-åri, og høyet frå Helgasete vart alltid rekna som eit godt tilskot til vinterforet heime. Å fara til Helgasete for å slå stølsgjerdi vart mest rekna som ein liten ferie etter ei travel slåttonn heime til ut i første dagane av august. Her på stølen vart det kanskje meir som ei mannjamning/tevling om kven som kunne slå største teigen før soli rann og flathøyet skulle breiast for å nytta terren. Mesteparten kom nok velberga inn i løene.

Verre var det om vinteren når høyet skulle heim. Det er mest ikkje til å tru korleis det måtte vera å koma ned dei bratte kleivane me såg på turen opp. Ein måtte alltid vera fleire i fylgje for sikkerheits skuld. Det kunne mange gonger  røyna hardt både for mann og hest.

Men på Helgasete rådde stort sett budeiene grunnen åleine dei to månadene stølsdrifti varte. Tidleg oppe og seint i seng om ikkje buskapen kom til mjølking i rette tid. Det kunne henda at han hadde lagt seg for kvelden på Godnatthaugane langt inne på fjellet. Sigledalen var lang både fram og attende.

Dagane gjekk med den vanlege rytmen, mjølkestell, reingjering i fjøs og sel, ysting og kinning. Koparkjelen måtte vel pussast av og til for å verta godkjend, og trebøtter og mjølkekoppar fekk vel den vanlege omgangen med sandskuring i grovi.

Likevel, det vart alltid tid for ein prat på skottrappi om veret var lagleg. Broderiet og spøtet var ein del av kvardagen. Feriefolk var òg ei kjærkomi avveksling. Det var slekt og vener som gjerne kom att år etter år.

Men stølsdrifti på Helgasete er lagt ned for mange år attende. Fleire av brukarane hadde sommarbeite heime og leverte mjølk til gamlemeieriet i Fjøra. Dagleg kunne me sjå robåten svinga om Nestangen og leggje til lands i strandi nedanfor meieriet. Med vass-selen bar rorskaren 20-litrane opp til meieriet der folk frå Fjøra fekk sin daglege rasjon av søtmjølk.

Når det gjeld stadnamn på stølar og teigar både i Barsnesmarki og andre stader i bygdi vår, kan me lura på om det kan finnast nokon bakgrunn for sume av namni. Her på Barsnesstølen har me Helgasete, og litt lenger inne på fjellet ligg Kyrkjemyr og Prestavatnet. I bygdeboki ”Heimbygdi vår Sogndal”, kan me finna ein artikkelom dette. Forfattaren er her inne på tanken om at namni kan førast attende til 1500-talet då reformasjonen vart innført i Noreg. Det var den mange den gongen som ikkje vilde godta den nye kyrkjeskipnaden, og sjølv om det var streng straff for å samlast om den, fanst det nok plassar der ein kunne samlast og nytta den gamle skipnaden. Øvste Barsnesstølen var ein lagleg stad for slike hemmelege møte. Segni har fortalt at slike møte fann stad. Kanskje er dette bakgrunnen for namn som Helgasete Kyrkjemyr og Prestavatnet.

Når ein fer omkring og snakkar med folk om gamle dagar (kva tid er no det ?), vil ein før eller seinare koma inn på ting eller namn som knyter seg til overtru. Namn som Huldresva har vel ikkje kome av seg sjølv. I samband med dette namnet kan me vel ta med soga om budeia som heitte Ingjerd og om støla på Helgasete, årstal er ikkje nemnt. Som det kunne henda både ho Ingjerd og andre budeier: Det var ikkje alltid kyrne kom i rett tid til mjølking. Ein måtte av på kyraleit. Så var det ein dag ho Ingjerd var på veg fram Sigledalen i slikt ærend, kanskje hadde ho Godnatthaugane i tankane. Då fekk ho brått høyre ei hulder som òg lokka på kyrne sine. No høvde det seg slik at ho Ingjerd hadde sett ein flokk blå kyr – huldrekyr er alltid blå – på Pikkhaug, og ho ropa til huldri at der kunne ho leite.

Ho Ingjerd fann òg sine kyr inne ved Fagerlidvatnet og kom velberga attende til Helgasete. Då ho var ferdig med mjølking og fjøsstell og kom inn att i selet, låg det ein rømmakling på bordet. Og den var ikkje smurd med lettrømme. Men midt på klingen låg ein liten svart prikk, og den åt ho ikkje, for då ville ho ha vorte fortrolla, det visste ho.

Inngjerd skjøna nok kven som hadde vore på vitjing, og at klingen var ei takk for opplysninga om dei blå kyrne ho hadde sett på Pikkhaug.

Ein annan gong Ingjerd freiv med ysting i selskotet, stod det brott ei hulder i døri. Du er liti, du, ser eg, sa huldri. No ville Ingjerd ikkje vera ved at ho var liti, så ho svara berre: ”Dei små er ikkje større, Gud betre”. Men då vart huldri borte med ein gong.

Elles var det ei gamal regla frå Helgasete som var bruka når dei slo ut kokande vatn :

 

”Kvar akta seg, eg akta meg”.

 

Det var best ikkje å koma på kant med dei som budde under Huldresva’.