Infidels Qellie Vigdis Olav Barsnes Lekkjer Artiklar Galleri Bilete Nyhende Startside


Bob Dylan - Oslo Spektrum 13. oktober 2003
Det er alltid julafta og gebursdag å få oppleve Bob Dylan live. Dylan's "Never ending tour" har rulla innom Noreg mange gonger dei siste åra og gitt oss mange gode opplevingar. Men - noko nytt er det kvar gong. Han står no bak pianoet store deler av konsertane. At han overlet gitarsoloane til Campell og Koella er berre positivt, men Dylan er framleis ein betre gitarist enn pianist. Munnspelsoloane får også lide då han har store vanskar med å ta hender og tankar frå tangentane.
Dylan fraserer ofte verslinjer etter same mønster, noko som får mange av songane til å likne kvarandre. Bandet har og problem med dynamikken, spesielt trommeslagar George Recile verkar til kun å ha eit volum denne kvelden. Til saman gjev dette konserten eit monotont preg.

Spektrum1 Spektrum2 Spektrum3

Når det er sagt - Larry Campbell er ein fantastisk gitarist. Freddie Koella gjer ein meir enn ok jobb. Gitarsoloen på 'Forever Young' gjev han ståkarakter, men eg saknar likevel Charlie Sexton. Ein kuriositet var Mason Ruffner, no busett i Oslo, som lånte seg ein gitar og dukka opp på scena mot slutten av konserten.
Salen vaknar ikkje før bandet trykker til med 'Highway 61', men konserten tek aldri heilt av.
Dagsformen åt Dylan har alt å seie, og denne kvelden vart prega av ein litt betre enn halvgod Dylan.
Vonleg har ikkje denne konserten skremd bort dei som hadde sin fyrste nær Dylan-opplevelse, for Bob Dylan kjem nok som alltid - overraskande sterkt attende......

Speleliste:
1. To Be Alone With You
2. It’s All Over Now, Baby Blue
3. Cry A While
4. Just Like Tom Thumb’s Blues
5. It’s All Right, Ma (I’m Only Bleeding)
6. Boots of Spanish Leather
7. Things Have Changed
8. Highway 61 Revisited
9. Shooting Star
10. Tweedle Dee & Tweedle Dum
11. Every Grain of Sand
12. Honest With Me
13. Don’t Think Twice, It’s All Right
14. Summer Days
--
15. Cat’s In the Well
16. Like a Rolling Stone
17. Forever Young
18. All Along the Watchtower

Bandet:
Bob Dylan: Piano. gitar, munnspel
Larry Campbell: gitar, steelgitar
Freddie Koella: gitar
Tony Garnier el-bass, kontrabass
George Recile: trommer
Mason Ruffner: gitar (gjesteopptreden)



Andre omtalar av denne konserten:
TV2
NRK
NTB
VG
Dagbladet