Infidels Qellie Vigdis Olav Barsnes Lekkjer Artiklar Galleri Bilete Nyhende Startside


Bob Dylan - Oslo Spektrum 18. oktober 2005
Som alltid høgtidsstund då Dylan atter vitja Noreg. Underteikna var sjølvsagt på plass.
Dylan hadde skifta ut 12 av låtane frå kvelden før (i Globen), men det skuldast neppe slakten i svenske aviser ;) Det er berre nett slik mannen er.

Sin beste konsert på norsk jord gjorde nok ikkje Dylan denne kvelden, men han leverte mange gode versjonar av songar både frå back-katalogen og fram til den siste plata (Love and theft). Arrangementa på låtane var endra sidan 2003-konserten. Det var atskillig meir lågmelte versjonar (og låtval), og mindre trøkk enn det 2003-konserten baud på. Det var no og større variasjon i dynamikken i bandet og i syngjinga åt Dylan. I 2003 var det til tider vanskeleg å skilje låtane frå kvarandre.

Eg vart elles svært imponert over bandet. Både trommeslagar Recile og gitarist Kimball har spelt seg opp sidan 2003-konserten.
Min store favoritt, multiinstrumentalisten Larry Campbell, har diverre forlete bandet, men nye Donny Herron gjorde ein god jobb med steelgitaren, banjoen og fela.

Alt i alt ein minnerik kveld i Dylan sitt landskap. Ein lyt vere takksam for at Bob i ein alder av 64 år framleis er på vegen og spelar konsertar i alle verdshjørner. Stemma has ber nok preg av den store mengda konsertar, men vonleg vil Bob halde fram med sin 'never ending tour' i mange år endå!

Spektrum1 Spektrum1
Spektrum1 Spektrum2 Spektrum2


Speleliste:
1. Maggies Farm
2. Tell Me that it isn't true
3. I'll Be Your Baby Tonight
4. Lay Lady Lay
5. Most Likely You Go Your Way And I Go Mine
6. Blind Willie McTell
7. Watching The River Flow
8. Ballad of a thin man
9. Floater (Too much to ask)
10. Highway 61 Revisited
11. Positively 4th Street
12. Tweedle Dee & Tweedle Dum
13. Masters of war
14. Summer Days
--
15. Don't Think Twice, It's All Right
16. All Along the Watchtower

Bandet:
Bob Dylan: Piano, munnspel
Stu Kimball: gitar
Denny Freeman: gitar
Tony Garnier: el-bass, kontrabass
George Recile: trommer
Donny Herron : steelgitar, banjo, fiolin



Andre omtalar av denne konserten:
Dagsavisen
Aftenposten
Vårt Land
NRK
TV2
VG
Dagbladet