Infidels Qellie Vigdis Olav Barsnes Lekkjer Artiklar Galleri Bilete Nyhende Startside


JOHN FOGERTY - SENTRUM SCENE, OSLO, 28.MAI 2008
-Nærare tre timar med rock'n'roll historie i eit relativt intimt lokale (Sentrum Scene) med 1500 tilhøyrarar.

Sidan både eg og John Fogerty var i hovudstaden i embets medfør var det no berre naturleg å møtast.
I og med at Fogerty også vart 63 denne kvelden ville det ha vore direkte uhøfleg å ikkje vere tilstades....

No lyt det seiast at Fogerty, for min del, aldri har vore der oppe saman dei aller største (Dylan, Cash, Young, Nelson & Waits), men han er på ingen måte nokon ubetydeleg person i rock'n'roll....
Etter det eg kan minnast var Lodi ein av dei to fyrste låtane eg lærte på bassgitaren... den andre var sjølvsagt ein Dylan-låt

vel... nok om det...
Fogerty var kledd i sitt signatur-plagg, blårutete flanell-skjorte. Den lange luggen er også inntakt i ein alder av 63. Imponerande - og nesten litt mystisk....
Gitarar vart transporterte inn og ut av scena i høgt tempo, mens Fogerty ausa frå Creedence-repertoaret og frå eigen katalog, ispedd ei knippe coverlåtar.
På scena bak han stod ei sterk rekke av strengeleikande karar, og ein svært energisk trommeslagar (den langt frå ukjende Kenny Aronoff)
. Men gitarsoloane tok han hand om sjølv.



"Down on the corner" fanga med min N95:
Høgreklikk - lagre mål som

Fogerty viste fram sjølvlaga bursdagskort frå dottera si, og gav oss småe historiar og anekdotar, m.a. at jaudå - han hadde vore på Woodstock, og var endåtil av mindretalet som faktisk kunne hugse å ha vore der...

Til ekstranummera kom heile bandet inn i blårutete flanellskjorter, til stor lått frå Fogerty....


Avslutningsvis: Ei svært hyggjeleg oppleving å kunne høyre 'Have you ever seen the rain' frå opphavsmannen, istadenfor slik denne låten vanlegvis vert spelt - som brekningsmiddel, servert av eit bleikfeitt danseband utan antydning til innlevelse og respekt....

Og..... det verkar litt mindre skummelt å passere 60 etter å sett 63-åringen John Fogerty

Meldingar:
Dagsavisen
Dagbladet

Willie Oslo 2008 Willie Oslo 2008
Willie Oslo 2008 Willie Oslo 2008
Willie Oslo 2008 Willie Oslo 2008