Infidels Qellie Vigdis Olav Barsnes Lekkjer Artiklar Galleri Bilete Nyhende Startside



LEVETIDA ÅT CDR-PLATER
I ein artikkel på www.digi.no, 12 januar 2006, vert det hevda at levetida på vanlege CDR-plater kan reknast til 5 år.
Eg har sjølv brunne data til plater av ymse fabrikat ein del år no,
og tenkte det kunne vere interessant å finne ut om nokre av mine plater var utgått på dato.


Til mi store undring fann eg nokså fort fram til 2 plater som ikkje lenger var lesbare.
Det verste var at desse var brukte som einaste backup ein periode.
Heldigvis er dataene på desse overførde til andre medium før dei vart uleselege.
Desse platene var båe av merket Larion og brunne på same tid (desember 2000).

Dette er heretter eit fabrikat eg ikkje kjem til å handle
(om dei i det heile framleis er mogleg å oppdrive).

Eg må få understreke at dette på inga måte er noko vitskapleg eksperiment, berre personlege observasjonar.
Defekte plater kan sjølvsagt også skuldast feil under brenning og/eller skader påført under oppbevaring!

"Svartelista" på denne sida vert oppdatert etterkvart som defekte plater vert oppdaga.

Her kan du lese artikkelen på digi.no

Her er fleire artiklar om dette temaet:
Computerworld
Oslo kommune
Aftenposten

Larion CDR-plate