Infidels Qellie Vigdis Olav Barsnes Lekkjer Artiklar Galleri Bilete Nyhende Startside


Irland
Ein tur til Irland har i mange år vore ein draum, og i sumar, ei veke før me gjekk ut i ferie bestemte me oss for å reise. Turen vart bestilt hjå Sogndal Reisebyrå og kom på kr. 12.000,- for fly t/r Oslo, 5 netter på hotell og bil i 3 dagar. Ingen upris.
Fyrste stopp var storbyen Dublin. I tillegg til det alle storbyar har, kan Dublin by på book of Kells på Trinity College, keltiske skattar og funn etter norske vikingar på National Museum, Molly Malone i Grafton Street, ein Guinness på det legendariske bryggeriet eller på ein røykfyllt pub t.d. på bakrommet til den kjende O'Donoghue's, der gruppa Dubliners vart starta for 35 år sidan. Vidare kan ein oppleve folkemusikk/dans i Temple Bar-området, Dublin Castle, National Gallery, Christ Church Cathedral, James Joyce Cultural Centre og sikkert mykje, mykje meir, men me ville oppleve meir enn berre Dublin og sette oss i leigebilen etter to dagar i storbyen.

Irland er ei forholdsvis lita øy. Å krysse frå vestkysten til austkysten tek berre 3-4 timar, men køyringa var krevjande nok, i og med at dei køyrer på feil side av vegen og har plassert rattet på passasjersida i bilen. Fyrste dagen køyrde me frå Dublin, via fjellpasset i Wicklow Mountains og Waterford til Cork.

Dag nr. 4 starta med eit besøk på det kjende Blarney Castle. Dei har der fått det for seg at dersom ein kysser ein stein som er lite hensiktsmessig plassert i brystvernet på toppen av borga, er ein sikra veltalenheit. Etter at ei mengd overvektige amerikanarar hadde gjort undå kyssinga konkluderte me at me var nøgde med talegåvene våre og tok i staden turen til borg-hagen Rock Close, med kalksteinformasjonar og gamle barlindtre. Sidan sette me oss i bilen att og køyrde nord-vest over, stoppa ved Bunratty Castle , ei restaurert borg frå 1400-talet, forbi Limerick og Shannon og fylde trange vegar med steinmurar på båe sider (postmann-pat) ut mot Cliffs of Moher på vestkysten. Dette er stupbratte klipper som går rett i havet. Overnatting fann me i Galway.

Dag nr. 5 baud på instruksjon i Bodhran-speling (tradisjonell irsk tromme) i produksjonslokala i Roundstone. For å komme dit køyrde me gjennom Connemara nasjonalpark med villsauer og (visstnok) flokkar med halv-ville ponniar. Deretter kryssa me øya frå vest attende til Dublin i aust. Bilen vart levert attende med så godt som ingen skråmer.

Dei to siste dagane brukte me i Dublin.
Me kan på det varmaste anbefale ein Irlandstur, men set ikkje av for mange dagar i Dublin. I ettertid ville me mykje heller ha hatt bilen i nokre dagar ekstra og fått sett meir av landet.

Les meir om Dublin i Dagbladet
Fullt glas Barsnes 2003 Barsnes 2003 Barsnes 2003 Barsnes 2003
Slainte Molly Malone Vigdis Meir Guinness O'Donoghue's
Guinness Grafton Street I ny hatt O'Donoghue's Legendarisk Pub
Barsnes 2003 Barsnes 2003 Barsnes 2003 Barsnes 2003
Riverdale Blarney Castle - -
Fjellpass - - -
Barsnes 2003 Barsnes 2003 Barsnes 2003 Barsnes 2003 Barsnes 2003
Trollsk hage Rundt tårn Bunratty Castle Oppstilt Ruin
Rock Close - - - -
Barsnes 2003 Barsnes 2003 Barsnes 2003 Barsnes 2003
Cliffs of Vestkysten - Utsiktstårn
Moher åt Irland - -
Barsnes 2003 Barsnes 2003 Barsnes 2003 Barsnes 2003 Barsnes 2003
Roundstone Connemara Detalj James Joyce Guinness Storehouse
kystbygd nasjonalpark Dublin Castle og Vigdis og eg
Oppskrift på Guinness:
Guinness er brygga av bygg, vatn, humle og gjær. Byggen vert knust og bearbeida til malt, og så blanda med rista bygg for å få den mørke fargen. Dette vert blanda til ein "sukkerlikør" som sidan vert kokt med humle før gjæringa tek til. Gjæren som vert nytta i dag er frå den opprinnelege gjærstamma.
SLAINTE!