Infidels Qellie Vigdis Olav Barsnes Lekkjer Artiklar Galleri Bilete Nyhende Startside


Andre menn dreg på jakt - eg dreg på konsert. Og for ein konsert!!
Evigunge Neil Young stod på scena i Oslo Spektrum og spelte som om han framleis var 30.
10-15 meter undå stod eg og fekk høyra ei fantastisk rekkje av rockeklassikarar.
Tunge politike bodskap og konsept-konsertar var lagt på hylla.... Neil Young var i byn for å spele rock n'roll frå den lange lista over ugløymelege låtar han har signert.

Med seg på scena hadde han ei rekkje av godt vaksne, svært rutinerte musikarar - alle med ei haug inspelingar og turnéar med toppmusikarar i beltet, ikkje minst med mr. Young sjølv...

Ekstra flott var det at Ben Keith var på plass bak steelguitaren. Han var m.a. med på innspelinga av den klassiske 'Harvest' - "A man who's played with me for 600 years", som Neil Young sjølv introduserte han som..."

I tillegg hadde han med seg Chad Cromwell på trommer, Rick Rosas på bass og Anthony Crawford på gitar.
Kona åt Neil - Pegi Young satte seg bak pianoet på m.a. Heart of Gold.
Neil Young og bandet hadde det heilt tydeleg moro på scena. Young lo og kom med morsomheitar ala "Ringnes - our sponsor for the night" i det han tok ein slurk med øl.

Stemma er uforandra etter så mange år og gitarsoloane er uforlignelege, unike og fantastiske - symfonisk vakre, støyande og rocka på ein gong...

Dersom du ikkje var i Spektrum MÅ du kome deg til Bergen den 26. august!!!!


Hey hey my my Rock n' roll will never die!


Meldingar i den kulørte presse:
Dagbladet
Aftenposten


Amatøropptak frå konserten (på Youtube):
Helpless
Cinnamon girl
Heart of gold
Uknown legend
Just singing a song won't change the world
Audience+A day in the life

Young Oslo 2008 Young Oslo 2008
Young Oslo 2008 Young Oslo 2008