Infidels Qellie Vigdis Olav Barsnes Lekkjer Artiklar Galleri Bilete Nyhende Startside


E-post frå Norsk Ornitologisk Forening: Ørn 21.02.05
Hei Olav Arild,
Du har helt rett i at dette er en havørn. Både det helgule nebbet og de hvite halefjærene viser at dette er en voksen havørn

Beste hilsen fra
Fagkonsulent, Norsk Ornitologisk Forening

Nytt innleg frå underteikna: Ørni på Barsnes Sogn Avis 14.02.05
Eg takkar for svaret frå Barsnes Ornitologisk Forening.
Som de seier i dykkar innlegg er bestemmelse av art og type ofte krevjande, og det latar til at de sjølve har gått dykk ut på tunn is i tilfellet på Vetlaskjer. Då det etter min kjennskap ikkje skortar på felterfaring må det faktum at de i dette høvet tek feil, kome av mangel på godt optisk utstyr.

Som de ser av bileta har denne ørni eit kraftig gult nebb, lysebrun hals og ei heilkvit fjærrand nedst på stjerten. Desse attributtane har ikkje kongeørn. I tillegg livnærar havørn seg, i motsetning til kongeørn, på fisk og sjøfugl. Noko de sjølvsagt er kjende med. At det er havørn det her er tale om har eg sjølvsagt fått stadfesta av kvalifiserte fuglekjennarar.

I helgi var ho på ny på plass på skjeret, og dette gav underteikna ein moglegheit til å feste den vakre fuglen til filmrullen i strålande vintersol. Dette filmmaterialet stiller eg sjølvsagt til disposisjon om de ynskjer å ta det inn i dykkar arkiv. Motivet hadde vorte noko betre om ein kunne ungått den skjemmande biltrafikken på Kvamssida. Om det etter dette framleis skulle herske tvil om kva type ørn det her er snakk om, vil eg få fremje forslag om at foreininga i år legg årsmøtet sitt til Jostedal Hotell. I tillegg til eit svært variert og spanande fugleliv vil dette gje møtet ei fin råme i særeigne omgjevnader, som hverken baringar eller kvamsingar kan skilte med. Eg vil då sjølvsagt stille med videoopptak av den no mykje omtala ørna.

Olav Arild Barsnes
Krundalen

Arve Arve Arve
svar frå BOF: Gode observasjonar Sogn Avis 02.02.2005
Sogndal: Styret i BOF vil gjerne takka Olav Arild Barsnes for framifrå observasjonar og velvalde ord om den vakre fjorden her inne.
No syner det seg likevel at artsbestemming og observasjon av fuglar ikkje alltid er av det lette slaget. Den omtalte ørna, som også var innom Vetlaskjer, er nok ei kongeørn, men uansett eit flott syn.
Barsnes peikar elles på fleire interessante moment i synet på landskap, folk og dyr langs med fjorden her inne utan at BOF skal ta stilling til det eine eller andre på det området i denne omgang.
Kva vedkjem eit eventuelt medlemsskap i foreningen, vil BOF med det første ta kontakt med Barsnes for å orientera om arbeidet vårt. Det kan og opplysast at det vil bli gjeve høve til kursing i aktuelle tema, så som artsbestemming og liknande. For tida arbeider foreninga med å skaffe til vege ein kvalitetskikkert. Så viss nokon veit om ein slik, ville det vera greitt om leiaren fekk melding om dette.

For BOF
JN, sekretær
EAF, leiar

Min artikkel: Havørn på Barsnes Sogn Avis 24.01.2005
Førre sundag var dei som oppheld seg på Barsnes' beste vestkant vitne til eit noko spesielt skode - ei Havørn tok sess på Vetlaskjer. Dette vetle skjeret er sumarstid hekkeplass for ein større koloni med måsar, men vert også stundom nytta som kvilestad og vingeturk for andre fugleartar. Tidlegare har Canadagjess og Skarv vore innom, men dette er fyrste gong ørn er observert her. Den enklaste forklaringa på dette besøket er vel at ørna oppdaterer seg på kva sauebønder som framleis produserer, og kven som har gitt seg i løpet av vinteren.
Eg må avslutningsvis få kome med ei motsegn på teorien framsett i Sogn Avis tidlegare denne månaden vedrørande fuglar og kvar dei oppheld seg. Fuglar er som folk - den einaste grunnen for å stoppe i Kvam er for å nyte utsikten over fjorden.
Eg vonar elles dette innlegget kan tene som ein uformell søknad om opptak i den eksklusive Barsnes Ornitologiske Foreining.

Olav Arild Barsnes
Krundalen
Arve Arve Arve
Arve Arve Arve