Infidels Qellie Vigdis Olav Barsnes Lekkjer Artiklar Galleri Bilete Nyhende Startside

Innesperra av ras
Med dramatiske bilete kunne riksmedia denne veka fortelja at indre deler av Luster var innesperra av ras.
Dei same media kunne dagen etter illustrere nyhendene med bilete av smilande menneske i sosialt båtliv, akkompangert av mannskorsong. Ei skikkeleg "gladnytt"-hending, som nok vakte undring hjå dei med postadresse Oslo, men for oss under bergfallet er det slik det lyt vere.
Steinar, snø og is i vegbana er diverre slett ikkje uvanlege hinder på vår daglege ferd til og frå arbeid.

Olav H. Hauge var vestlending og kjende naturkreftene. Diktet som gav namn til diktsamlinga has frå 1951 skildrar godt kva tankar ein gjer seg når slikt skjer:


UNDER BERGFALLET

Du bur under bergfall.
Og du veit det.
Men sår din åker
og trør trygt ditt tun
og lèt dine born leika
og legg deg
som inkje var.

Det hender,
når du stør deg til ljåen
ein sumarkveld,
at augo sviv som snarast
yver bergsida
der dei segjer
sprekken
skal vera,
og det hender
du vert liggjande vaken
og lyda etter
steinsprang
ei natt.

Og kjem raset,
kjem det ikkje uventa.
Men du tek til å rydja
den grøne boti
under berget
- um du då har livet.
Infidels




Biletet er henta frå Luster kommune sin nettstad: www.luster.kommune.no.