Infidels Qellie Vigdis Olav Barsnes Lekkjer Artiklar Galleri Bilete Nyhende Startside



S L E K T S B O K
Sognefjordlaget i Amerika har i si eige ein database som inneheld over 40.000 registrerte personar.
Dette mogleggjer oppsporing av levande norske slektningar for amerikanarar, men også utarbeiding av slektsrapportar,
som kan ta utgangspunkt i ein nolevande person og gi ein oversikt over alle registrerte forfedrar i svært mange ætteledd attende.


Ein slik rapport har Erling Bjørnetun, laget sin norske representant, utarbarbeidd for oss, med utgangspunkt i sonen vår, Arve.

I og med at eg og Vigdis båe kjem frå to stadbundne familiar som i hovudsak har levd i Indre Sogn frå svært gamle tider, har det lukkast Erling å fylgje ledda langt attende i tid.

Boka er ein murstein på over 440 sider, og er ein skatt for ein som meg, med interesse for historie og slektssoge.

Tusen takk til Erling for ein kjempeflott utført jobb!

Sognefjordlaget i Amerika sin nettstad

Måleri