Infidels Qellie Vigdis Olav Barsnes Lekkjer Artiklar Galleri Bilete Nyhende Startside


Stabburet - i historisk perspektiv
Stabburet var i eldre tider ein sentral bygning på garden. Det meste av maten hushaldet åt kom frå eigen produksjon. Mykje av dette vart lagra på stabburet saman med det ein kjøpte - fyrst og fremst salt, mjøl og gjerne korn. I tillegg til å vere ein oppbevaringsstad for mat, lagra ein óg andre ting på stabburet. Vinterklede, åkler, pyntegjenstandar, pengar og andre verdigjenstandar. Stabburet var ofte den einaste bygningen på garden som hadde lås. Stabburet hadde såleis mange funksjonar som i moderne terminologi mellom anna kan oppsummerast som kjøleskåp, pengeskåp og lager. På rike gardar var det også vanleg at stabburet var ein praktbygning som skulle spegle velstanden, med utskjeringar, svalgangar og innvendig rosemåling. Det kunne ha gjesterom. Stabbur med to etasjar vert ofte kalla loft.

Stabburet i Lystrahaugen
Me kjenner ikkje alderen åt stabburet i Lystrahaugen. Allereie i ein serie av lokalhistoriske hefter utgjevne i 1940, av Sogndal Sogelag, er dette stabburet omtala som gamalt.

Det har vore flytt minst to gonger. Den eine gongen ved heimeutskiftinga i 1888. Det vart då flytt frå eit fellestun nede ved fjorden og opp i det nye gardstunet. På timmeret kan ein sjå merking etter denne flyttinga. Sist gong det vart flytta vart det brukt kranbil. Dette var i 1984. Etter rivinga av eldhuset vart det ståande midt i tunet og ein fann det tenleg å flytte stabburet for å gi betre plass. Det hadde òg ein dårleg plassering i høve til det nye redskapshus.

I 2001 var kledningen i så dårleg forfatning at noko måtte gjerast. Me ynskte å ta vare på den eldste bygningen på garden. Det vart søkt om STILK-midlar for å restaurere stabburet. Dette fekk me innvilga. Sumaren 2002 starta arbeidet. Me reiv det som var angripe av róte og retta opp alle veggar og tak. Betongrøyrene som stabburet stod på vart skifta ut med trestabbar. Me valde å skifte ut blekktaket som vart lagt på omkring 1955 med torv. Det var dette som var på stabburet frå gamalt av. I stadenfor å måle det raudt med kvite lister, slik det har vore sidan 30-talet, valde me å beise det med tjærebeis. Om det nokon gong har vore tjærebredt er uråd å seie. Det kan opprinneleg ha stått ukledd, eller kledd med umåla panel.

Barsnes 2003 Barsnes 1994
Gamalt foto Tydelege spor etter merking
omkring 1930(?) fyrste flyttinga i 1888
Barsnes 1994 Barsnes 1994
Flytting med kran Over på lastebil
1984 1984
Barsnes 1994 Barsnes 1994
Utskifting av stabbar Utlekting og oppretting ferdig
2002 2002
Barsnes 1994 Barsnes 1994
Torvtekking Ferdig kledd
2002 2002
Barsnes 1994 Barsnes 1994
Ferdig beisa 2 strøk Tjærebeis
August 2004 August 2004

Ymse skriv om garden
Gardssoga åt Lystrahaugen, Olav Arild Barsnes, 2001
"Noko um gardane på Barsnes", Andreas Barsnes, 1940-45
"Sjurgarden", frå "Heimbygdi vår Sogndal", 1930-talet
Tydinga av namnet Barsnes, frå ukjent oppslagsverk

Stølar og stølsbruk for gardane på Barsnes, Ivar P. Navarsete