Infidels Qellie Vigdis Olav Barsnes Lekkjer Artiklar Galleri Bilete Nyhende Startside


Frå 2. rad i et fullsatt Oslo konserthus, 1. mai 2008
Willie fylte 75 år dagen i førvegen, og la til etter å ha presentert bandet:

"We had a little birthday party last night. In fact I'm a little surprised to see that everyone turned up".

Eit herleg skranglande band, som mellom anna består av storesyster Bobbie på piano,bassisten Bee Spears, Mickey Raphael på munnspel og trommeslagar Paul English, som alle har budd halve livet i turnébussen "Honeysuckle Rose".

Overrasking nr 1: På scena er det ikkje noko trommesett, men ei enkel skarptromme.
Overrasking nr 2: Det funkar som berre pokker....
Overrasking nr 3: Ingen elgitarist/kompgitarist. Wille gjer alt gitarabeidet sjølv
Overrasking nr 4: Det funkar som berre pokker....


Willie er kanskje 75, men syng fantastisk, og gitarspelet er slett ikkje dårleg.
"Trigger" (den legendariske slitne og holete Martin-gitaren) gjer jobben gjennom heile konserten,
og får kun kvile dei to siste låtane.

'Blue eyes cryin in the rain' kunne ikkje ha blitt gjort betre, og då inkludererer eg ulike tolkingar av [fyll inn namn på favorittsyngedame] ;)

For ei glede å kunne sitje nokre få meter frå ein gjeng tradisjonsberarar som står på scena 200 dagar i året - av rein musikkglede (vel - det økonomiske er vel ikkje heilt uvenesentleg - jamfør Willie sin feide med det amerikanske skattevesenet),
Utan tullete dansing,helsestudiomusklar og utstyrshysteri!
Dette er ekte ujålete musikk av jord og blod! Long live the king!

2 videosnuttar eg tok med N95'en min...
Elendig bilete, men ok lyd.
Høyr på stemma og gitarspelet..... 75 er berre eit tal!
You were always on my mind
Mamas don't let your babies grow up to be cowboys

Anmeldingar i ulike seriøse og useriøse aviser:
Dagbladet
Dagsavisen
Bergensavisen

Willie Oslo 2008 Willie Oslo 2008
Willie Oslo 2008 Willie Oslo 2008
Willie Oslo 2008